Hopp til innhold
X
Innhald

Skovly pensjonat

Skovly pensjonat. Foto: Marcus Selmer. © Fylkesarkivet.

Skovly pensjonat. Foto: Marcus Selmer. © Fylkesarkivet.

Skovly pensjonat i Dale vart starta på 1890-talet av Thora Wettergren, som i 1911 vart disponent for Dale Kloggfabrikk. Pensjonatet dreiv ho i ein villa som faren hennar, advokat Johan Wettergren som budde i Fagervik, hadde sett opp på Yksnebjør.

Frå dei nedlagde Grimelid gruver - Grimmelid Kobberværk ved Stongfjorden kjøpte han direktørbustaden og sette den opp som bustadhus på Yksnebjør, og dette huset vart seinare til Skovly pensjonat.

Thora dreiv dette sommarpensjonatet saman med ei syster. Skovly pensjonat vart drive av Thora Wettergren til 1917 då ho selde bygget til Willy Gilbert. Sidan har huset vorte kalla ”Gilberthuset”.

Det tidlegare pensjonatet er no privatbustad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare pensjonatet er no privatbustad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013