Hopp til innhold
X
Innhald

Skreppekarar i Gulen

Dingja, der skreppekaren Gudmund Gotskalksson starta landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dingja, der skreppekaren Gudmund Gotskalksson starta landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gudmund Gotskalksson frå Evanger var omreisande skreppekar, gifta seg i Dingja, og saman med kona Nilsine dreiv han landhandel der ei tid ca. kring 1880-1890.

Ein annan som livnærte seg som skreppekar, var Torkjell Larsson Fivelsdal. Han var ein av dei få så langt vest som også dreiv som krøterhandlar og hestehandlar. Dette var eit yrke som først og fremst indresogningane dreiv. Frå 1870 og utover baud Fivelsdal fram dyra sine på marknader fleire stader i Sør-Noreg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010