Hopp til innhold
X
Innhald

Skysskifte og gjestgjevarstad i Skjerjehamn

Den sentrale plasseringa ved seglingsleia gjorde at Skjerjehamn vart ein naturleg stad å starte med handel, kro og overnatting.

Her var det også skysskifte. Det var kongen som innførte ordninga med at alle embetsmenn og adelege skulle fraktast fritt på land og sjø. Bønder og fiskarar var pålagde skyssplikt utan å få vederlag. Skyssordninga vart organisert med skysstasjonar der ein «skysskaffar» til kvar tid skulle stille nok rorskarar, båtar, ridehestar osb. slik at prestar, lensmenn og andre embetsfolk kom seg lett fram. Den forhatte ordninga med friskyssplikt vart avvikla i 1816.

Truleg har det vore handel og gjestgiveri i Skjerjehamn før 1600. I 1641 vert er det dokumentert at det var gjestgiveri på staden. Første kremmaren ein kjenner var Jon Dirch som kom dit kring 1640. Kristen Søffrensen Eie dreiv staden frå 1665 til 1668, og deretter Jakob Robertsson fram til 1707. På denne tida var Skjerjehamn bygt ut med stort våningshus og fleire sjøbuder.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011