Hopp til innhold
X
Innhald

Skysstasjonen og handelsstaden Tross

Tross - prospektkort ca. 1905. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Tross - prospektkort ca. 1905. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Den gamle gjestgjevarstaden og skysstasjonen Tross låg ved sjøkanten, midt i det som no er Dale sentrum. Staden var skilt ut frå hovudbruket Dale gard.

Den første ein kjenner som gjestgjevar på Tross, var Niels Jachobsen i 1697. Han hadde handelsborgarbrev frå Bergen, og dreiv også brennevinshandel. Neste kremmar på Tross var Johan Davidsen Middelthun, og han vart avløyst i 1748 av løytnant Johan Christian Tønsberg (1720-1797) frå Gulen. Då var det m.a. kome opp eit stort våningshus i to etasjar, og ei mengd andre hus og eit naust. Utover 1800-talet var desse gjestgjevarar på Tross: Gullak Pederson 1801-1804, Knudt Nitter (son av Hendrich Nitter) 1805-1810, Tollef Knudsen 1811-1813, Jørgen Johannessen 1814-1818, og Frederich Henrik Bonge frå 1819. Han dreiv staden til midt på 1800-talet.

Tross hadde brennevinshandel heilt fram til 1884. Då Den Trondhjemske Postvei frå Leirvik til Dale vart opna i 1786, vart Tross skysskifte/skysstasjon for reisande: Frå Tross vart dei rodde inn Dalsfjorden til Sveen i Bygstad (sjå: Skysstasjonen og handelssetet Sveen).

Tross slik det ser ut i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tross slik det ser ut i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.10.2010