Hopp til innhold
X
Innhald

Slutt på Skjerjehamn-epoken

Otto Schreuder flytta i 1918 tilbake til fødebyen Bergen og overlet drifta av alt han hadde skapt i Skjerjehamn til dottera Gunnhild og svigersonen Johannes Ivarson Steine (1877-1945), som i 1905 hadde starta ein trevarefabrikk i Fardal i Årdal kommune. Steine flytta denne fabrikken til Dingja i Gulen i 1908.

Han bygde også eit kraftverk i Dingjeelva i 1917 til drift av maskinene i «Dingen Tønne- og Trevarefabrikk», men selde fabrikken i 1918 til Peder B. Strand for å konsentrere seg om drifta i Skjerjehamn.

Nothenge og notbarkeri

Forretninga på kaia i Skjerjehamn vart då driven vidare under namnet O. Schreuders Eftf. Steine bygde nothenge og notbarkeri i 1922. I 1926 bygde han ny butikk og bakeri og fekk ordna med vassbasseng og sikker vassforsyning. I samband med trelastlageret som svigerfaren hadde starta, fekk Steine i 1927 bygt ei sag som vart driven av eit lite, oljefyrt kraftverk.

Sal og avvikling

I 1931 bygde Steine slipp og mekanisk verkstad. Den økonomiske krisa på 1930-talet råka også Skjerjehamn. Steine måtte avvikle trelastlageret, og selde både nothengja og slippen til Sigurd Rognsvåg, som i 1946 selde vidare til Ingolf Troland. Seinare har det vore fleire eigarskifte, men hovudhuset er teke vare på og sett i stand til fritidsbustad. I bygningane ved kaia er det innreia eit lite museum med minne frå ei faren tid.

Utover 1930-talet tapte Skjerjehamn si betydning som trafikknutepunkt: Medan Fylkesbaatane hadde 17 stopp i veka i 1927, var det berre åtte ruter som gjekk opp under kaia i Skjerjehamn i 1937, og kring 1950 var det så godt som slutt på alle båtrutene dit.

I 1927 vart den gamle «bondestova» i Skjerjehamn, det gamle gjestgiveriet, flytta til garden Vatsvik like ved og brukt som fjøs.

Les meir om Skjerjehamn.

Murar etter ei sjøbu i Skjerjehamn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Murar etter ei sjøbu i Skjerjehamn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011