Sogn og Fjordane Sjøtrygdelag

Sogn og Fjordane Sjøtrygdelag vart skipa i Måløy i 1928 som eit gjensidig trygdeselskap for forsikring av fiskefarty og kystfarty. Disponent var Bernt Borgundvåg. Seinare endra laget namn til Havtrygd, og utvida etter kvart forretningsdistriktet sitt til heile den sørnorske kysten.
Havtrygd flytta hovudkontoret frå Måløy til Bergen i 1965.
I åra frå 1968 til 1985 hadde Havtrygd eit visst samarbeid med Ytre Nordfjord Branntrygdelag (sjå Selje Brannkasse) ved at Ragnar Hals var forretningsførar for branntrygdelaget samstundes som han var styrar for Havtrygd si avdeling i Måløy. I 1985 gjekk Hals over i full stilling i Havtrygd som då flytta inn i det nybygde Fiskernes Hus i Måløy.
Havtrygd har i dag avdelingskontor i Måløy og Flekkefjord. I 2006 forsikra Havtrygd kring 875 fiskefarty.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 25.01.2010