Hopp til innhold
X
Innhald

Sognahallen

Sognahallen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sognahallen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utover 1990-talet vart fotball og idrettsutdanning ei stor næring i Sogndal - særleg etter at Sognahallen vart opna i 1998. Den kosta 75 millionar kroner.

Hovudaksjonærar i Sognahallen er Sogndal IL Fotball og Sogndal kommune. I Sognahallen med sine 9000 kvadratmeter er det den store fotballbanen med internasjonale mål som dominerer.

Klatrevegg og NM i klatring

Klatrevegg og NM i klatring

I tillegg til ballidrettar, er hallen utbygd for sprintdistansar, kule, tresteg, lengde, og klatreanlegg med inntil 18 meters høgde. Anlegget har lokka til seg klatreentusiastar frå heile landet, og i 2010 arrangerte Sogndal Klatreklubb NM i klatring, der arrangørklubben sanka to gullmedaljar.

Idrettssenteret AS

I andre rom held Idrettssenteret AS til med mosjons- og treningssalar for ulike idrettar. Idrettssenteret driv også forsking og utdanning innan idrett og helse.

Idrettssenteret er samlokalisert med idrettsseksjonen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og saman tel desse kring 30 heile stillingar.

Utleigekontor

Sognahallen romma også kontora til Sogn og Fjordane Fotballkrets, Sogndal IL Fotball og Vestlandsforsking. Nærings- og utleigebygga i Sognahallen utgjer 4.000 kvadratmeter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2011