Hopp til innhold
X
Innhald

Sognatun Kafé

Sognatunbygget, der Sognatun Kafé var i drift til ut på 1980-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sognatunbygget, der Sognatun Kafé var i drift til ut på 1980-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sognatun Kafé vart starta i 1959 av Sogn Ungdomslag i det såkalla «Tårnhuset» i Fjøra. Bygget og kaféen var nett utvida då den brann i 1965. Ein mann omkom og to andre vart alvorleg skadde i brannen.

I to år heldt kaféen til i ungdomshuset Solhov. Sognatun Kafé opna att i eige nybygg like ved sparebanken i 1967, der den vart driven til ut på 1980-talet. Sognatun Kafé vart mykje nytta som middagskafe av skuleungdomen i bygda.

Ove Ask var styrar frå 1961 til 1972.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.12.2012