Hopp til innhold
X
Innhald

Sognefisk AS

Firda Seafood - tidlegare Sognefisk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Firda Seafood - tidlegare Sognefisk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fiskeforedlingsanlegget Sognefisk AS på Byrknes vart starta i 1978, og var den største satsinga på fiskeforedling i Gulen kommune til då.

Dåverande ordførar Ola Byrknes var pådrivar for å få bygt anlegget, som var eigd av Gulen kommune, Oslo Samvirkelag og Sogn og Fjordane Fiskesalslag.

Fabrikken kosta 15 millionar kroner, produserte fiskemat og sysselsette kring 20 årsverk. Det meste av fabrikken vart finansiert med DU-midlar.

Oslo Samvirkelag sitt engasjement hadde mykje å gjere med at dåverande stortingsrepresentant frå Oslo, Halldis Havrøy (Ap), hadde privat tilknyting til Gulen, og dessutan var styremedlem i Oslo Samvirkelag.

Laksepakking på Firda Seafood. Foto: Asle Veien, NRK.

Laksepakking på Firda Seafood. Foto: Asle Veien, NRK.

Konkurs og nye eigarar

I 1981 gjekk Sognefisk konkurs. Anlegget vart kjøpt av Manger Fiskemat som dreiv fiskematproduksjon der til 1990. Frå 1990 var det firma Martin E. Birknes Eft. - dvs. etterkomarane etter Martin E. Birknes som starta hermetikkfabrikk i bygda i 1922: Hermetikkfabrikken på Byrknes - som har nytta anlegget som laksepakkeri. I 1999 kom Firda Management inn som eigar ved at Ola Braanaas eig 50 prosent, og Cato Birknes, oldebarn til Martin, eig den andre halvparten. Verksemda har namnet Firda Seafood.

Blåskjelfiasko og diaré

På slutten av 1990-talet var det også planen at det nyskipa selskapet Sogneskjell AS skulle nytte ein del av anlegget på Byrknes til pakking av blåskjel frå Sognefjorden. Det vart kjøpt inn maskinar, men prosjektet fekk den dårlegaste starten ein kan tenkje seg: Under opningsfesten vart både fiskeriministeren og andre innbedne gjestar sjuke av giftige blåskjel, og produksjonen kom knapt nok i gang før dei måtte innstille.

Dobling av kapasiteten

I 2011 starta Firda Seafood bygginga av eit nytt slakteri som skal doble kapasiteten på Byrknesøy. Utbygginga kostar 70 millionar kroner og sikrar dei 40 arbeidsplassane. Anlegget stod produksjonsklart i 2013.

Ola Braanaas. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Ola Braanaas. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Firda Management AS

Ola Braanaas, som starta med lakseoppdrett i 1986 i Botnane i Bremanger kommune har lagt det meste av aktiviteten sin til Gulen. Firda Management AS er morselskapet til Firda Sjøfarmer AS, Firda Settefisk AS, Firda Settefisk Alvøen AS, Firda Seafood AS og Martin E. Birknes Eftf. AS. Firda Sjøfarmer AS er matfiskdelen som disponerer 13 oppdrettskonsesjonar i Gulen, Hyllestad og Askvoll. Firda Seafood AS vart etablert i 2004 og står for eksporten av fisken. I 2010 omsette Firda Management AS for over 466 millionar kroner og fekk eit resultat før skatt på 157 millionar kroner.

Les meir om fiskeri og oppdrett i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.04.2013