Hopp til innhold
X
Innhald

Sognefjorden Ullvarefabrikk

Sogndalselvi med Sognefjordens Uldvarefabrikk midt i biletet. Fabrikken overtok bygningen etter Sogndal Tændstikfabrik. Ukjend fotograf.

Sogndalselvi med Sognefjordens Uldvarefabrikk midt i biletet. Fabrikken overtok bygningen etter Sogndal Tændstikfabrik. Ukjend fotograf.

Ullvarefabrikken vart starta i 1887 av skotten Wilfred Burton Rowley Kennedy i dei tidlegare lokale til Sogndal Tændstikfabrik ved Sogndalselva. Her sette han inn 13 vevstolar, men selde fabrikken kort tid etter til eit lokalt aksjelag med lensmann Nils Landmark Lem i spissen. I 1898 brann fabrikken delvis ned, men vart bygt opp att.

I 1907 kjøpte K. Kvale «Sogns Uldspinderi og Fargeri», som den då heitte. I 1912 bygde fabrikken eige elektrisitetsverk i Sogndalselva, og leverte frå 1913 kraft til tettstaden fram til 1944.

Skiftande eigarar

Fabrikken vart driven under skiftande eigarar fram til 1917, då A/S Sognefjorden Uldvarefabrik tok over. Bak dette selskapet stod m.a. bergenske forretnings- og industrifolk som Kavli, Chr. Mohn, og skipsreiarane Kleppe og Østervold.

Ullvarefabrikken brenn 3. mai 1939. Ukjend fotograf. Eigar: Olav O. Vatlestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ullvarefabrikken brenn 3. mai 1939. Ukjend fotograf. Eigar: Olav O. Vatlestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ny brann i 1939

I 1939 brann fabrikken ned og kring 65 tilsette stod utan arbeid. Fabrikken vart bygt opp att etter 2. verdskrig. Tekstilingeniør Anders Dancke Sunde vart disponent og hovudaksjonær. På 1950-talet vart han også disponent for Sygna Uldvarefabrikk A/L på Hermansverk.

Overteke av saftfabrikken

Overteke av saftfabrikken

Sognefjorden Ullvarefabrikk var i drift til 1972. I 1975 kjøpte N. H. Lerums Saftfabrikk A/S eigedomane til den nedlagde ullvarefabrikken og bygde det om til ein stor konservesfabrikk med firmanamnet L/L Sognesaft. Sognesaft opphøyrde som firmanamn etter kort tid, og fabrikken gjekk inn i Lerum Saftfabrikk A/S. Høgskulen i Sogn og Fjordane kjøpte seinare dette bygget og bygde det om til undervisningslokale og kontor i 1995.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2011