Hopp til innhold
X
Innhald

Sognekraft

Nybygget som Sognekraft tok i bruk i 2011. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Nybygget som Sognekraft tok i bruk i 2011. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Sognekraft er det dominerande kraftselskapet innan ålmenforsyninga i midtre og indre Sogn. Sognekraft vart skipa i 1947 med seks kommunar i midtre og indre Sogn som eigarar.

Hovudkontoret til Sognekraft er plassert på Vikøyri, der dei fram til 2011 heldt til i det tidlegare bankbygget til Vik Sparebank. I mai 2011 tok Sognekraft i bruk sitt eige administrasjonsbygg.

Selskapet har elles avdelingskontor med ingeniør-avdeling i Sogndal og dessutan ein mindre lokal base i Balestrand. Fram til 2001 hadde Sognekraft også kontor på Leikanger.

I denne bygningen hadde Sognekraft administrasjonen sin fram til 2011, då selskapet tok i bruk nybygget sitt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen hadde Sognekraft administrasjonen sin fram til 2011, då selskapet tok i bruk nybygget sitt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selskapet har eigen kraftstasjon i Årøy i Sogndal kommune og 12 prosent av Vikfalli. Sognekraft har konsesjon på straumleveransar til Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik kommunar, samt Frønningen i Lærdal kommune. Les meir om Årøy Kraftverk i artikkelen Årøykraft under Sogndal kommune.

Årøy Kraftverk og Årøyelvi i Sogndal kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årøy Kraftverk og Årøyelvi i Sogndal kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Striden om Årøy-krafta

Kraftstasjonen i Årøy vart bygd under 2. verdskrig av A/S Årøy, der Norsk Hydro og seinare naziselskapet A/S Nordag vart over 2/3 eigar, og Hafslo og Sogndal kommunar som øvrige eigarar. Staten kravde eigarrett til Nordag-aksjane i A/S Årøy etter krigen.

Dette utløyste mykje strid: Sognekraft var etter den opphavelege planen meint å omfatte alle kommunane i midtre og indre Sogn frå og med Balestrand og Vik og austover.

Men etter hard strid om eigarrettane til kraftverket valde Hafslo og Sogndal å stå utanfor Sognekraft-samarbeidet dei første åra. Korkje Årdal, Lærdal eller Borgund kommunar hadde eigeninteresse i å gå med, for dei løyste sitt kraftbehov lokalt med Tyin-kraft og eit lokalt kraftverk i Lærdal.

Striden kring eigarretten til Årøykrafta lamma Sognekraft i mange år. Dei bygde ein del liner, men mangla kraft å levere frå eigen produksjon. For å kompensere for den manglande krafta frå Årøy, satsa Sognekraft frå 1952 på å byggje ut Vikfalli. Først i 1954 løyste striden kring eigedomsretten til Årøy seg ved at dei opphavelege eigarane, Sogndal og Hafslo, fekk kjøpe aksjane som Staten sat på.

I 2002 er L/L Sognekraft eigd med 44,44 % av BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap), Vik kommune 19,79 %, Sogndal kommune 10,98 %, Luster Energiverk AS 12,91 %, Luster kommune 6,88 %, Balestrand kommune 2,5 % og Leikanger kommune 2,5 %.

I 2011 har Sognekraft 70 tilsette. I 2010 omsette selskapet for om lag 248 millionar kroner og kunne bokføre eit overskot på 42,3 millionar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011