Hopp til innhold
X
Innhald

Sogneprodukter AS

Sogneprodukter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sogneprodukter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sogneprodukter AS i Vik vart starta som verna verksemd i 1972, og fekk etter kort tid 53 arbeidstakarar.

I 1981 tok verksemda over Viking Kafeteria, og i 1984 Vik Bensinstasjon. Desse gjekk med underskot, og vart seinare skilde ut i eigne selskap. Bensinstasjonen er avvikla. I 1982 bygde stiftinga «Hybelheimen» bustader for dei tilsette.

I 1985 starta Sogneprodukter filial på Kaupangerskogen. I ein periode kring 1980 samarbeidde Sogneprodukter med Modum Pels AS si avdeling i Hafslo i Luster, og produserte tøfler av saueskinn.

Leiaren for denne produksjonen, Asbjørn Paulsen, starta i 1981 eigen klesbutikk i Vik. I 1987 flytta han butikken frå Granden til sentrum der den ligg i dag.

A. Paulsen Klesbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A. Paulsen Klesbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.03.2010