Hopp til innhold
X
Innhald

Sognesmolt AS

Sognesmolt heldt til i dette industribygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sognesmolt heldt til i dette industribygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sognesmolt AS var eit smoltoppdrettsselskap som vart starta i Vik omlag samstundes med Joto i Arnafjorden. Sognesmolt var eigd av ei gruppe i Vik og heldt til i eitt av dei kommunale industribygga på Vikøyri.

Men Sognesmolt gjekk konkurs etter kort tid, og 1991 overtok Tore Røyrvik anlegget med firmaet Vik Fisk AS. Røyrvik hadde også vore med på starten av Joto smoltopdrett i Arnafjorden.

Han dreiv anlegget som eit forskingsprosjekt i samarbeid med Sintef. I 2003 vart anlegget stengt, og kommunen overtok lokala og leigde dei ut til den verna bedrifta Vik Asvo AS. Oppdrettskar og anna utstyr vart selt til fiskeoppdrettar Edgar Hatlem i Hyllestad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2010