Hopp til innhold
X
Innhald

Solås Plast AS

Solås Plast. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solås Plast. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solås Plast i Sørbøvåg vart grunnlagt i 1969 av Ottar Solås.

Forløparen til Solås Plast var verksemda Skico-Plast A/S , som vart starta i 1964 på Bjørnestad og avvikla i 1994. I 1971 flytta Solås Plast inn i nye kommunale industrutleigebygg i Sørbøvågen (sjå også Skifjord Trevarefabrikk A/S og Jo-Ry Bygg AS).

Dei første åra bygde han plastbåtar, men gjekk etter kvart over til produkt for landbruksnæringa, som kjølekummar og pressaftkummar. Seinare kom også prefabrikerte silokumelement og kar og tankar for oppdrettsnæringa. Solås Plast bygde også spesialtankar for industrien, m.a. til Elkem Bremanger.

Solås Plast var på 1970- og 1980-talet oppe i 20 tilsette på det meste.

I 1996 selde Ottar Solås Solås Plast AS til det Jæren-baserte konsernet Reime AS, som framstiller og sel utstyr til landbruket. I 1999 trekte Reime seg ut av verksemda i Sørbøvåg. Dei tilsette tok då over, men fekk ikkje lønsam drift og måtte leggje ned i 2004.

Solås Plast sett frå sjøsida. Til høgre Jo-Ry Bygg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solås Plast sett frå sjøsida. Til høgre Jo-Ry Bygg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.09.2010