Hopp til innhold
X
Innhald

Solstad Kaffistova

Solstad Kaffistova heldt til i dette huset. Foto: Stein Næss.

Solstad Kaffistova heldt til i dette huset. Foto: Stein Næss.

Solstad Kaffistova i Høyheimsvik vart starta kring 1938 av Edin H. Næss. Han var også lokal telefonstyrar.

Dronninga av Nederland på kafébesøk

I 1956 fekk den lokale kaféverten storfint besøk: Under utviding av riksvegen hadde eitkvart gått gale slik at ein stor stein sperra vegen.

Dronning Juliana til venstre og dronningmora Wilhelmina fekk seg kaffi i Høyheimsvik.

Dronning Juliana til venstre og dronningmora Wilhelmina fekk seg kaffi i Høyheimsvik.

Ei av dei som ikkje kom seg vidare, var dronning Juliana av Nederland og dronningmora Wilhelmina. Dei ferierte då på Tørvis hotell i Marifjøra og hadde vore på utflukt. Medan anleggsfolka bala med å få steinen or vegen, tok dronninga seg like godt tid til ein kaffitår på den enkle kafeen i Høyheimsvik!

Lagt ned

Edin Næss dreiv til slutten av 1970-talet. Etter nokre brukarskifte vart kaffistova lagt ned på slutten av 1990-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.03.2011