Hopp til innhold
X
Innhald

Solund Maritim AS

Solund Maritim AS. Foto: Bjarte Engevik.

Solund Maritim AS. Foto: Bjarte Engevik.

Solund Maritim AS vart skipa i 2006 av Bjarte Engevik m.fl. Norsk Båtsenter AS ved Kjell Haugland og Johannes Lunde eigde 50 prosent av aksjane. Verksemda held til i Solneset der det er investert 25 millionar kroner i hallar og slipp. Solund Maritim yter alle typar service til lystbåtflåten, m.a. vedlikehald, reparasjonar og lagring.

I 2012 vart verksemda slegen konkurs. Wergeland Holding AS (sjå artikkelen Sementvareproduksjonen til Wergelandsfolket) i Gulen kjøpte konkursbuet og skal drive verksemda vidare som ei avdeling under Solund Verft AS (sjå Solund Skips Service AS).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016