Hopp til innhold
X
Innhald

Stavangs Pensjonat

Stavangs Pensjonat vart starta i mellomkrigstida av Lovisa Stavang. På folkemunne vart pensjonatet kalla ”Lovisenborg”, og det låg i kvartalet der Quality Hotell seinare vart bygt.

Etter 2. verdskrig tok sønene Jostein og Oddvar over og bygde eit nytt pensjonat som vart kalla Astoria Hospits. Dette vart drive til 1976 då entreprenør Dagfinn Frøyen kjøpte bygget som ei tid vart leigd ut til psykiatrisk senter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2009