Hopp til innhold
X
Innhald

Steinindustrien i Ytre Ofredal

Utskipingskaia til steinbrotet i Ytre Ofredal i 1915. Foto: Kristian Offerdal.

Utskipingskaia til steinbrotet i Ytre Ofredal i 1915. Foto: Kristian Offerdal.

Kristian Offerdal fødd 1873 frå Feios kom til Årdal i 1909 og starta landhandel i Øvre. I 1911 startar han steinbrot og steinhoggeri på granittførekomstane i Ytre Ofredal. Han hadde kontakt med ingeniør Mandrup Abel som arbeidde ved Tyin-anlegga. Mandrup var medeigar i Oslo-selskapet A/S Kvit Granit, og hjelpte Offerdal i gang.

Kristian Offerdal engasjerte steinhoggarar frå Bergen og Østfold og bygde brakke og kai. I tillegg dreiv han uttak av labradorstein i Aurland i samarbeid med sambygdingen Mattias Asperheim. Offerdal selde i 1917 steinbrotet og vart disponent for Lerums Saftfabrikk i Kroken i Luster.

Sogn Steinindustri A/S tok over granittbrota, og bygde i tida fram til 1926 48 meters kai med store kranar, brakker som kunne husa 44 mann, og smie og bustad for arbeidsformannen. Dei engasjerte steinhoggarar heilt frå Sverige då drifta gjekk på det beste. I 1924 til 1926 dreiv selskapet også brot på Vikastrondi på andre sida av fjorden. Sogn Steinindustri la ned drifta i 1940.

Spora etter steinuttak og sandtaket i Ytre Ofredal er godt synlege. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Spora etter steinuttak og sandtaket i Ytre Ofredal er godt synlege. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1953 var Sogn Steinidustri i realiteten konkurs, og vart seld til holdingselskapet A/S Aurland som var eigd av Mowinkels Rederi i Bergen. Same året kjøpte den tidlegare arbeidsformannen Jakob Lemvik steinbrotet og anlegga i Ytre Ofredal. Han hadde i 20 år drive sitt private vesle steinhoggeri på Vikastrondi. Han leverte m.a. stein til Aberdeen og Bergen.

Bryting av kvit granitt vest for Naddvik på 1920-talet. Ukjend fotograf.

Bryting av kvit granitt vest for Naddvik på 1920-talet. Ukjend fotograf.

I 1962 leigde Lemvik steinbrotet bort til Kjell Magnus Steinsvik frå Molde. Steinsvik dreiv Hustad Kalk- og Marmor ved Hustadvika. Saman med Norway Stone A/S skipa han selskapet Sognegranitt A/S som dreiv i Ytre Ofredal i tre år. Bak Norway Stone stod skipsreiar Sigval Bergesen, og i 1966 vart det investert tre millionar kroner i steinindustrien i Årdal. Fleire kjende bygningar i Oslo sentrum fekk i denne tida fasadesteinen frå Ytre Ofredal, mellom andre Grand Hotel.

På 1980-talet vart det i ein kort periode drive sandtak i Ytre Ofredal.

På Vikastrondi vest for Naddvik er det synlege spor etter uttaket av kvit granitt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Vikastrondi vest for Naddvik er det synlege spor etter uttaket av kvit granitt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2011