Hopp til innhold
X
Innhald

Sterk nedgang i folketalet

Talet på fastbuande har minka kraftig i Solund. Men om sommaren er det mykje folk i kommunen, mellom anna i dei mange hyttene og fritidshusa. Denne hytta ligg på vestsida av Losna. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Talet på fastbuande har minka kraftig i Solund. Men om sommaren er det mykje folk i kommunen, mellom anna i dei mange hyttene og fritidshusa. Denne hytta ligg på vestsida av Losna. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Ingen kommune i Sogn og Fjordane har hatt større nedgang i folketalet enn Solund. Medan det var kring 1900 innbyggjarar i 1952, er folketalet 50 år seinare kome godt under 1000 innbyggjarar. 1. januar 2015 var talet nede i 800.

Men den fantastiske skjergarden i Solund er eit populært feriemål sommarstid, og det vert hevda at «folketalet» i Solund vert dobla i sommarferien. Fleire har dei siste åra satsa på hytteutleige og turisme (sjå Industri og næring i Solund).

Hafs

Solund er med i det interkommunale plan- og utviklingssamarbeidet HAFS, skipa 1992, saman med nabokommunane Gulen, Hyllestad, Askvoll og Fjaler.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015