Hopp til innhold
X
Innhald

Stor i fisk og handel på Raudeberg

Raudeberg tidleg på 1900-talet med Aase-buda og dampskipskaia.

Raudeberg tidleg på 1900-talet med Aase-buda og dampskipskaia.

Mons J. Aase (1858-1918) starta i 1886 handel på Raudeberg. På same måte som Ulf Lem vart det i Måløy, vert Aase rekna som nybrotsmannen i forretningslivet på Raudeberg. Han bygde ei stor sjøbu – Aasebuda - der han dreiv fiskeforretning, agenturforretning og landhandel, og var dessutan dampskipsekspeditør.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.01.2010