Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Betongelement AS

Stryn Betongelement i Loen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Betongelement i Loen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Betongelement AS i Loen vart skipa i 1980 og produserer betongelement og ferdigbetong. Bak dette selskapet stod opphaveleg entreprenørselskapet Sunde Bygg som vart starta tidleg på 1970-talet av brørne Kjell og Rasmus Sunde frå Olden. Dei produserte då betongelement.

I 1984 slo dei seg saman med entreprenørane Gustav og John Hagen som driv HS Bygg AS i Stryn (sjå Hagen Treindustri A/S). Elementfabrikken i Lovik vart utvida midt på 1980-talet.

I samband med bygginga av heilårsvegen over Strynefjellet hadde SveinYri frå Olden og Gustav og John Hagen frå Stryn starta ferdigbetongfabrikken Stryn Betong AS i 1976 i Hjelledalen i Oppstryn. Etter at veganlegget og støypinga der var fullført, dreiv Stryn Betong ei tid på Øvreeide før dei flytta til Loen i 1985.

Stryn Betong vart slege saman med elementfabrikken der i 1994. Stryn Betongelement AS har 29 tilsette.

Dooria-anlegget i Utvik, som Stryn Betongelement AS kjøpte i 2012.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dooria-anlegget i Utvik, som Stryn Betongelement AS kjøpte i 2012.. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Satsar på Utvik

I 2012 kjøpte Stryn Betongelement AS eigeomen etter Dooria i Utvik. Planen er å nytte administrasjonsbygget der, medan produksjonshallane skal rivast og erstattast av eit nybygg. Bakgrunnen er at det ikkje er mogeleg å utvide anlegget i Loen. Dersom all aktivitet blir flytta til Utvik blir det 50 arbeidsplassar der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.08.2012