Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Brandassurancelag

Brannstasjonen som vart bygd i 1926.

Brannstasjonen som vart bygd i 1926.

Stryn Brandassurancelag vart skipa i 1899. Stryn Sparebank sytte for grunnfond til laget som tok mål av seg til å teikne medlemer også utanom dåverande kommunegrenser, m.a. i Hornindal, men laget fekk sterk konkurranse frå Innvik Branntrygdelag.

Stryn Brandassurancelag delte kommunen inn i 13 såkalla tilsynskrinsar. Dette var om lag det same talet som det var skulekrinsar gamle Stryn kommune. I krinsane vart det engasjert folk som hadde branntilsyn og som kravde inn forsikringspremiane. Laget bytte seinare namn til Stryn Branntrygdelag.

I Stryn sentrum vart det bygd eigen brannstasjon i 1926.

Dei fire branntrygdelaga i indre Nordfjord; Stryn, Innvik og Gloppen, slo seg saman til Indre Nordfjord Branntrygdelag i 1974.

I 1986 gjekk dette og dei andre regionlaga saman i Gjensidige Sogn og Fjordane med hovudkontor i Førde.

- Les elles artikkelen om: Indvigen Præstegjelds Brandselskab.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.01.2010