Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Cementsteinfabrikk

Stryn Cementsteinfabrikk på Visnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Cementsteinfabrikk på Visnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Cementsteinfabrikk på Visnes i Stryn vart grunnlagd i 1912 av Harald O. Eikenæs, Peter Tenden, Hans R. Sunde og H. Schmidt. Alv Sætre vart tilsett som disponent.

Fabrikken hadde stor produksjon av betongrøyr og takheller til ein marknad i Fjordane og på Sunnmøre. Sand til produksjonen vart mudra opp frå elvedeltaet i Stryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.02.2010