Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Møbelfabrikk A/S

Stryn Møbelindustri AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn Møbelindustri AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn Møbelfabrikk A/S vart grunnlagd i 1933 av Jon Os, Oddmund Tonning og Anders Vik. Etter fleire eigarskifte vart namnet på verksemda Stryn Møbelindustri AS. Verksemda har dei siste åra spesialisert seg på produksjon av møblar i flammebjørk. Stryn Møbelindustri hadde i år 2006 17 tilsette og ei omsetning på vel 13 millionar kroner.

I 2013 gjekk Stryn Møbelindustri AS saman med Tonning Møbelfabrikk A/S til eitt selskap, Tonning & Stryn AS. Produksjonen vart samla i lokala til Tonning Møbelfabrikk. Ved samanslåinga hadde dei to selskapa til saman 17 årsverk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.05.2013