Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Vognfabrikk

Stryn Vognfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Vognfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

vart starta i Stryn i 1995 av Jostein Bøe. Verksemda produserer komponentar av stål. Mykje av produksjonen går til oljeindustrien.

Stryn Vognfabrikk starta i ei smie på Bø, men flytta seinare over til eit industribygg på 3.000 kvadratmeter på Tonningleirane.

I 2008 hadde verksemda 23 tilsette og investerte same året 20 millionar kroner i utviding av fabrikken med 2.000 kvadratmeter.

I 2008 bytte fabrikken namn til Stryvo AS.

I 2011 starta verksemda med bygging av redningsbåtar i aluminium for Mare Safety AS i Ulsteinvik. Dette fører til at talet på arbeidsplassar blir auka med opp mot ti.

I 2012 kom bedrifta seg inn på oljemarknaden gjennom leveransar av subsea-termineringar til Aker Solutions.

I 2015 kjøpte Stryvo Oslo-verksemda Brødr. Skaug Mekanisk Verksted AS. Stryvo hadde 65 tilsette i 2015 (av desse 35 i Stryn) og omsette for ca. 105 millionar kroner i 2014.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.06.2015