Sulen Sparebank

Sparebanken Sogn og Fjordane på Hardbakke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Sulen Sparebank vart skipa i 1915. Banken fekk eige bankbygg på Hardbakke i 1937, der det var plass til kommunekontora og distriktslegen.
Kommunen leigde huset frå 1964, medan banken heldt av eit mindre areal i bygget til seg sjølv. I 1976 kjøpte kommunen heile bygget til rådhus, og banken bygde seg nytt bygg på Hardbakke. I 1984 gjekk Sulen Sparebank inn i den nyskipa Sunnfjord Sparebank, som i 1988 vart grunnstammen i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bankbygget som vart reist i 1937 er i dag kommunehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 25.06.2010