Hopp til innhold
X
Innhald

Sumstad Bakeri og konditori

Sumstad Bakeri og konditori. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sumstad Bakeri og konditori. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sumstad Bakeri og konditori i Måløy vart starta i 1915 av Ingebrigt Sumstad. Seinare overtok sonen Birger Sumstad. Firmaet bygde kring 1950 stor forretningsgard ved Gate 1, der dei også dreiv "Liljen" kafé og konditori.

I dei store sildeåra på 1950-talet vart det elles drive ei mengd kafer i Måløy: Clausens Kafé på Sæternes, Torgkaféen på Torgkaia. To kvinner som på folkemunne vart kalla ”tantene”, dreiv kafé i Døsvikhuset på Skram, og i forretningsbygget til Edvard Kvalheim ikkje så langt unna dreiv Laura Osmundsvaag sin kafé i Myrestrandhuset.

På Midtgård låg konditoriet ”Liljen”, og på Gotteberg låg ”Kitty bar” i Oldeidehuset. I det nye meieribygget ved hurtigrutekaia kom ”Firdakaféen” til Firda Ungdomslag noko seinare.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.01.2010