Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Produkt A/S

Origod AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Origod AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnfjord Produkt A/S er ei verna verksemd som vart starta i Havreneset i Florø i 1979. Opptakten gjorde Sunnfjord Vanførelag i 1973. Verksemda har kring 50 personar i arbeid, og produserer m.a. hagemøblar og utstyr til oljeindustrien.

I 2003 skifta selskapet namn til Origod AS. I 2009 hadde verksemda 20 fast tilsette i tillegg til kring 70 personar som er knytte til verksemda gjennom ulike tiltak. Omsetninga i 2009 var på 25 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.05.2010