Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Fosse og turiststaden Kalvåg

Kafé Vest, som Svein Inge Fosse starta i 1986. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kafé Vest, som Svein Inge Fosse starta i 1986. Foto: Arild Nybø, NRK.

Meir enn nokon annan i nyare tid har kjøpmannen og turistverten Svein Inge Fosse sett sitt preg på Kalvåg. Fosse har vore ei drivande kraft i arbeidet med vern og utvikling av det gamle fiskeværet Kalvåg som reisemål, og har bygd opp fleire verksemder basert på matservering og turisme.

Knutholmen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Knutholmen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Han starta Kafé Vest i 1986, same året som han overtok drifta av ein landhandel etter faren Paul Fosse. Kafé Vest dreiv kafe og overnatting.

Knutholmen

I 1991 flytta han verksemda over til det gamle handelssetet Knutholmen, som han hadde kjøpt i 1990. Her har han sidan bygd opp ein populær restaurant, driv catering og har overnatting og har lokale for møte og kurs. Fleire eldre bygningar kring vågen i Kalvåg er kjøpt og restaurert av Fosse. På Amtskaia er det bygd eit stort, kombinert bygg med daglegsvarehandel i første og turistleiligheter i andre og tredje etasje.

Knutholmen er blitt ein naturleg stoppestad for båtturistane langs kysten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Knutholmen er blitt ein naturleg stoppestad for båtturistane langs kysten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2005 overtok Svein Fosse som eineeigar daglegvarebutikken Kalvåg Handel AS (sjå Audun Røys). Denne butikken driv også bakeri og skipshandel.

I 2014 investerte Fosse for 50 millionar kroner i utvida overnattingskapasitet. Knutholmen omsette i 2013 for 20 millionar kroner.

Amtskaia med forretning og husvære. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Amtskaia med forretning og husvære. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.04.2014