Hopp til innhold
X
Innhald

Sverre H. Stensæth - handel

På dette måleriet frå 1950-talet ser vi til høgre inngangspartiet til butikken til Sverre H. Stenseth, huset midt på biletet er Nedre bakeriet til Torborg og Alfred Thomassen. Måleri Av Bjarne Løkeland, eigar Karette Stenseth

Sverre H. Stensæth starta i 1921 landhandel i Dale, og bygde seinare avdelingar for klær og skotøy. Då Stensæth døydde 1965, tok sonen Sverre Johan Stensæth over og dreiv til 1970, då broren Håkon tok over drifta.

Etter at bygget vart totalskadd av brann tidleg på 1980-talet, vart ikkje forretninga teken opp att. Sverre Johan Stensæth dreiv også fotoforretning og selde også butikkinnreiingar fram til han gav seg av helsegrunnar i 1972. Alf Salbu A/S (sjå Dale Senter ANS) tok over og dreiv fotoforretninga vidare.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.04.2013