Hopp til innhold
X
Innhald

Synfiber A/S

Eliscan på Grandane produserte arbeidskle. Bedrifta vart kjøpt opp av Synfiber-gründeren Knut Grindheim i 1999. Han flytta produksjonen til Portugal. Foto: NRK.

Eliscan på Grandane produserte arbeidskle. Bedrifta vart kjøpt opp av Synfiber-gründeren Knut Grindheim i 1999. Han flytta produksjonen til Portugal. Foto: NRK.

Synfiber A/S konfeksjonsfabrikk vart starta i Oslo i 1962 av lustringen Knut Grindheim, fødd 1939 i Dalsdalen. Fabrikken spesialiserte seg på arbeidsklær, og fekk etter kvart 20 tilsette.

I 1972 starta Synfiber avdeling i rådhuset i Gaupne med 13 tilsette i starten. I 1975 flytta verksemda over i kommunalt industrihus på Grandane, og hadde på det meste 80 tilsette. I 1988 etablerte Grindheim avdeling i Portugal, og avdelinga i Gaupne vart avvikla i 1990.

Oslomannen Knut Storberget kom til Gaupne som tilsett ved Synfiber. I 1985 starta han eigen fabrikk for arbeidskle på Grandane under namnet Eliscan AS og hadde kring 15 tilsette på det meste. Då Storberget døydde i 1999 kjøpte Knut Grindheim opp Eliscan AS og flytta også denne produksjonen over til Portugal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011