Hopp til innhold
X
Innhald

Tekno Fabrikker A/S

Industribygget der Tekno Industrier heldt til. Tussa Kraft og Haugen Motor held no til i lokala. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Industribygget der Tekno Industrier heldt til. Tussa Kraft og Haugen Motor held no til i lokala. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tekno Fabrikker AS var ei mekanisk industribedrift som starta på industriområdet på Ytrehorn i 1974. Det var ”gamleordføraren” Kåre Maurset som gjennom Elegante Møbler og Jakob Hanken fekk kontakt med dansken Jørgen Hanssen som produserte maskinar og mekaniske komponentar til møbelindustrien.

Jørgen Hanssen, eit firma i Oslo og Hanken starta så Tekno Fabrikker AS i Hornindal. Fabrikken produserte mekaniske delar og maskinkomponentar til møbelindustrien og hadde på det meste 18 tilsette.

I 1985 fekk fabrikken økonomiske problem og vart slegen konkurs. Nokre sunnmøringar fekk den i gang att under namnet Tekno Industrier AS, men fabrikken vart lagd ned for godt i 1988.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.11.2009