Hopp til innhold
X
Innhald

Thune & Co.

Thune & Co. heldt til i desse bygningane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Thune & Co. heldt til i desse bygningane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Thune & Co., trelast, byggevare- og landbruks varer, vart starta i 1946 i Vik av Olav Thune. Dei første åra dreiv han sagbruk under firmanamn Thune Sag & Kassefabrikk. I kassesesongen på 1950-talet kunne det vere sju personar i arbeid. Sidan 1960-talet har firmaet konsentrert mykje av verksemda kring husbygging. Firmaet gjekk konkurs i 1999, og er avvikla.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011