Hopp til innhold
X
Innhald

Tidleg handel på Silda

Silda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Silda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øya Silda har god hamn og ligg lagleg til for utror til fiskefelta mellom Vågsøy og Stadlandet. I mellomalderen låg det ei kyrkje på Silda. Fram til kommunedelinga i 1910 vart kommunestyremøta for det meste haldne på Silda fordi øya låg sentralt i dåverande Selje kommune som då også omfatta Vågsøy. I 1865 starta Rasmus Johannesson landhandel og gjestgiveri med skjenkestove på Silda. Truleg dreiv han i berre fire-fem år. På same tid dreiv Peder Totland ei saltebu med losjihus på Silda, men han la ned i 1871. Kring 1871 starta Arne O. Visnes landhandel med rett til å selje øl og vin. Verksemda hans er omtala som Flores Salteri. Siste gong Visnes sin handel er omtala er i 1874, då han fekk fornya salsløyva. Nils Olsen starta bakeri på Silda i 1868, men kring 1874 selde han bakeriet til ein stryning som gjekk under namnet Brø-Arne. Det vert fortalt at han rodde frå Silda og sørover Ulvesundet og selde brødvarene sine frå båten. I 1876 tok Johs. T. Engum over bakeriet, men det er ukjent kor lenge han dreiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.02.2010