Hopp til innhold
X
Innhald

To hotell side om side

Øiene-hotellet, også kalla annekset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Øiene-hotellet, også kalla annekset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1888 vart det bygt to hotell på Turtagrø. Det eine var reist av fjellførar Iver Nilsson Øiene frå Fortun. Hotellet på Turtagrø hadde dei første åra berre ein etasje, der det på tre gjesterom var plass til seks overnattingsgjestar. I 1898 bygde han på hotellet og utstyrte det m.a. med veranda og fasade i sveitsarstil.

Bygde større

Den andre hotellbyggjaren på Turtagrø i 1888 var den kjende fjellføraren Ole Jensson Berge, som heilt sidan 1870-talet hadde drive som fjellførar til dei høgste toppane i Jotunheimen.

Gode grannar

Ektemaken Anna Berge vart ei omsorgsfull vertinne på hotellet i mange år. Berge sitt hotell var ein god del større enn det Øiene først bygde, og Berge utvida det monaleg i 1898.

Gode grannar

Begge hotella vart reiste med tilskot frå Den Norske Turistforening, og sjølv om dei låg vegg i vegg, så var eigarane godt forlikte om det meste.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011