Hopp til innhold
X
Innhald

Tønnefabrikkane i Gaular

Kring 1900 tok bøkringa seg opp att, og i 1909 er det registrert fem tønnefabrikkar.
Tida under 1. verdskrig vart gullalderen, og i 1918 vart det registrert 13 tønnefabrikkar i kommunen: K & I. Berge, Johan Bjørvik, Arne Indrefjord, J.L. Njøsen, O.A. Lunde, L.M. Nistad, H.A. Kvamme, Lars B. Kapstad, Aksel L. Kapstad, Peder B. Kapstad og Halvor Leirvik. Desse fabrikkane låg på Bjørvikstranda, kring fjorden i Bygstad oppover til Sygna.

Bygstad var senter for tønneproduksjonen, og 12 føringsskuter kunne liggje i bygda samstundes og laste tønner. I tillegg dreiv R. Grønhaug kjøp og vidaresal frå enkeltprodusentar. I denne tida var kring 100 personar sysselsette i tønneproduksjonen. Krigs- og jobbetida gjorde at det vart betalt opptil 12-13 kroner for ei heil tønne. På den tida tilsvarte det eit par dagsløner, og greidde ein t.d. ved «heimeproduksjon» 8 tønner dagleg, vart det svært god forteneste.

Krakk og avvikling

Krakk og avvikling

Etter 1. verdskrig kom krakket. Ein stor del av tønneverkstadane i Gaular vart lagde ned tidleg på 1920-talet. To av dei store, Johan Bjørvik og Peder B. Kapstad, reiste til Vestfold og byrja som gardbrukarar der i staden.

Tønneproduksjonen tok seg opp att midt på 1930-talet, då det var 6 fabrikkar i Bygstad. Tønnene gjekk mykje til sildefisket ved Island. Vintersildåra på 1950-talet vart nye, gode år. Då var mellom 50 og 60 personar sysselsette på fabrikkane til Per Kårstad, O.A. Lunde, K & I. Berge, Mads Kapstad, Georg Hestad og Ola Kapstad. Fleire av desse dreiv heilt fram på 1970-talet. I dag er all produksjon av tretønner lagt ned i Sogn og Fjordane.

Nokre av tønnefabrikantane:

Gründeren O. A. Lunde

Mathias M. Øvrebø

starta i 1912 landhandel og tønnefabrikk i Osen, og flytta i 1936 til Bygstad. Han hadde dampskipsekspedisjonen og dreiv også handel med fisk og sild i tillegg til tønneproduksjonen. Då Mathias døydde, dreiv kona Silla verksemda, til sonen Mathias Øvrebø tok over. Verksemda vert framleis driven av familien i 2002.

Njøsens margarin- og såpefabrikkar

- starta også tønnefabrikk.

Anders Eidevik

starta som bøkker i Bygstad i 1914. Sonen Johan tok over i 1940 og bygde opp ei verksemd med 4 tilsette. Han hadde vervet som såkalla «stavmålar» for Norges Tønnestavmåling, som kontrollerte at tønner heldt dei rette måla slik at tønnene fekk standard storleik.

Johanne Øvrebø

starta i 1937 landhandel i Osen. I tillegg til handel, dreiv firmaet tønneproduksjon og sysselsette 5 personar.

Per Kårstad

starta landhandel i Bygstad i 1937 med spesialitet på dame-og herrekonfeksjon. Han produserte også tønner, og spesialiteten var såkalla «syltedunkar». I sesongen kunne han ha 15 mann i arbeid.

Ola Kapstad

starta tønnefabrikk i Bygstad i 1938. Han leverte tønner både til fiskeri og saftprodusentar og hadde 6 personar i arbeid.

Sjå meir under:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2008