Hopp til innhold
X
Innhald

Tonning Møbelfabrikk A/S

Tonning Møbelfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tonning Møbelfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tonning Møbelfabrikk A/S vart grunnlagd i 1946 av brørne Ingvald og Sverre Bringsvor frå Sandsøya på Sunnmøre og Åsmund Breidablikk. Dei starta fabrikken i nedlagde tyskarbrakker.

På 1960-talet tok fabrikken til å produsere møblar av den kjende møbeldesigneren Alf Sture, og frå 1973 har verksemda berre produsert Sture-møblar og møblar frå designarfirmaet Scenario. I 2006 hadde møbelfabrikken 15 tilsette og ei omsetning på 13 millionar kroner.

På 1970-talet bygde Sverre Bringsvor ein stor forretningsgard i Stryn sentrum – Bringsvorbygget – der det m.a. var plass til møbelbutikk og kommunale kontor.

I 2013 gjekk Stryn Møbelindustri AS (sjå Stryn Møbelfabrikk A/S) saman med Tonning Møbelfabrikk AS til eitt selskap, Tonning & Stryn AS. Produksjonen vart samla i lokala til Tonning Møbelfabrikk. Ved samanslåinga hadde dei to selskapa til saman 17 årsverk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.05.2013