Hopp til innhold
X
Innhald

Torbjørn Lavik

Lavik Auto Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik Auto Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Torbjørn Lavik starta bensinstasjon i Lavik i 1988 då han overtok Esso-stasjonen etter firma Ivar T. Kvammen (sjå Tomas Kvammen ).Lavik dreiv elles i mange år stor handel med formjøl, kunstgjødsel og andre varer til jordbruket.

I 1990 bygde Torbjørn Lavik ny bensinstasjon og forretningsbygg ved europavegen og fekk etter kvart kontrakt med Statoil. I 2006 gjekk kona Inger og døtrene Ann-Elisabeth og Bente Anita inn i drifta av Lavik Auto Senter AS.

Nye Lavik Senter

I 2014 vart senteret utvida for 11 millionar kroner og fekk namnet nye Lavik Senter. I tillegg til bensinstasjon skal senteret innehalde gåvebutikk, rekneskapsfirmaet Wærholm Økonomi og ein kafé. Butikken på kaia – sjå Tomas Kvammen – vart riven i samband med bygging av ny ferjekai. I staden vart det ny daglegvarebutikk i nye Lavik Senter. Der leiger Roar Nordbø frå Sørbøvåg – sjå Johannes Nordbø - 500 kvadratmeter. Butikken blir med i Bunnpris-kjeda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.06.2015