Hopp til innhold
X
Innhald

Torbjørn Litleré

Litleré-butikken i Naustdal. Krysset markerer der Mons Litleré hadde Norskmaalets Bokhandel.

Litleré-butikken i Naustdal. Krysset markerer der Mons Litleré hadde Norskmaalets Bokhandel.

Torbjørn Litleré frå Voss starta i 1872 landhandel i Naustdal. Truleg var Litleré ein av dei mange skreppekarane frå Vosse-traktene og Hordaland som reiste på handel i fjordafylket, og som seinare busette seg og etablerte fast landhandel. – Les om desse m.a. i næringssidene under Flora og Jølster.

To år etter starten gjekk Litleré sin butikk bokstaveleg tala i lufta då kona til Torbjørn, Anna, skulle fylle krut på ei flaske. Krutet eksploderte. Anna vart stygt forbrend og huset ramponert. Det tok eitt år før Litleré hadde fått huset såpass i stand at det kunne takserast.

I 1886 vart huset utvida og han dreiv også bakeri i bygget. I 1886 starta også sonen til Torbjørn, Mons Litleré, Norskmaalets Bokhandel i Naustdal. Før han flytta til Bergen i 1887 heldt han til i faren sitt forretningsbygg.

Ein slektning som heitte Torfinn M. Litleré, tok over butikken etter Torbjørn i 1918. Torfinn dreiv også pensjonat og bokhandel i tillegg til vanleg landhandel og bakeri. Han flytta til Sandane på 1950-talet og overlet butikken Naustdal til yngre krefter. Litleré-butikken var i drift til 1970.

Dei siste åra Litleré-butikken var i drift var den i det tidlegare samvirkelaget, no kalla Thunebygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei siste åra Litleré-butikken var i drift var den i det tidlegare samvirkelaget, no kalla Thunebygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.12.2010