Hopp til innhold
X
Innhald

Torskeoppdrett i Gulen

Heilt frå midten på 1980-talet har fleire gjort forsøk med torskeoppdrett i Gulen. Ein av dei første var Kåre Håvåg med selskapet Fonnafisk på Fonnøya ved Eivindvik. Seinare satsa Stolt Nielsen-gruppa gjennom Stolt Seafarm og anlegget sitt ved Ånnelandsundet på klekking og oppdrett av torskeyngel, men har hatt store driftsproblem.

I 2000 tok Vestvik Marinefarm AS, der Inge Olsen frå Auklandshavn i Rogaland er stor eigar, over torskeoppdrettet ved Ånnelandsundet. Etter at Ove Unneland trekte seg ut av lakseoppdrett, har også han starta forsøk med torskeoppdrett - sjå: Ove Unneland og Pan Fish.

Les meir om oppdrett i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.07.2008