Hopp til innhold
X
Innhald

Tørvis Fjord Hotel

Tørvis Fjord Hotel. Foto: Arild Nybø, NRK.

Tørvis Fjord Hotel. Foto: Arild Nybø, NRK.

Tørvis Fjord Hotel i Marifjøra frå 1875 har opphavet sitt i det gamle gjestgiveriet frå 1600-talet- sjå: Handel og gjestgiveri i Marifjøra. I noverande Tørvis Fjord Hotel finn ein bygningsdeler frå dette første gjestgiveriet.

I 1875 kjøpte Jakob Trondsen Tørvi gjestgiveriet og handelen. Etter han overtok sonen Anders og ektemaken Thea hotellet, og då Anders døydde i 1905, dreiv enkja hotellet vidare til 1918. Frå 1912 leigde ho ut handelen til Andreas Eithungjerde frå Balestrand fram til 1918.

Vart turisthotell

Frå 1909 utvikla Tørvis seg meir og meir som turisthotell. Hotellet dreiv fram til 1920-åra skysstasjon og hadde fleire hestevogner til å skysse turistar med.

Tørvis Hotel rundt 1900. Foto: Mittet.

Tørvis Hotel rundt 1900. Foto: Mittet.

Hans Bugge Næss overtek

I 1918 kjøpte eigar av Hofslund Hotell i Sogndal, Per J. Næss og ektemaken Anna hotellet og landhandelen. Anna slekta frå «hotellfamilien» i Marifjøra. Dette var såleis ein handel innan familien Tørvi, og hotellvertskapet ved Hofslund overlet drifta av «familiehotellet» i Marifjøra til sonen Hans Bugge Næss og ektemaken Brita f. Feet. Frå 1936 dreiv dei også bensinstasjon. Dei dreiv landhandelen til 1945.

Sønene fører drifta vidare

Etter Hans og Brita Bugge Næss overtok sonen Per Bugge Næss som hotellvert, medan ein annan son, Kjell Bugge Næss, m.a. dreiv garden som høyrde til eigedomen, og ein souvenirbutikk.

Utviding i 1948

Utviding i 1948

Tørvis Hotell vart utvida med ei fløy på baksida i 1948, og med seinare utvidingar i 1958, 1968 og 1970 hadde Tørvis Fjord Hotell i 2003 i alt 50 gjesterom og 76 senger.

Celebert besøk

I 1956 budde dronning Juliana av Nederland og mora hennar, eks-dronning Wilhelmina, i fem dagar på Tørvis Hotell.

Nye eigarar

I 2005 selde Per Bugge Næss Tørvis Hotell til Oslo-mannen John Nyborg, som sette i gang stor oppussing. Etter konkurs vart hotellet selt vidare til eit London-basert selskap i 2006. I 2008 kjøpte shippingsmannen Rolf A. Wikborg hotellet. Han stifta firmaet Tørvis Bre- Ski- og Fjordhotell, som sette den gamle og ærverdige hotellbygningen i god stand.

Ny hotellkjede

Med base i Tørvis vart ei ny hotellkjede, MountainFjord AS, skipa. Denne kjeda tok i 2010 over drifta av Mundal Hotel i Fjærland (sjå dette), og i 2011 også Findebotten Gjestehus i Finnabotn (sjå dette under Vik kommune), Nigardsbreen Gjesteheim i Jostedalen (sjå Dei første bre-hotella) og Gordon Gjestetun på Reed i Gloppen kommune (sjå Gordon Hotel). Men i 2015 kjøpte investoren Ola Moe frå Gjøvik seg opp som hovudeigar i Tørvis, medan syskena Siv Kristine og Kjell Sindre Schmidt eig 49 prosent av aksjane. Wikborg var heilt ute som eigar.

Rolf A. Wikborg eig Tørvis gjennom eit dotterselskap. Foto: Jan Inge Fardal, Sogn Avis.

Rolf A. Wikborg eig Tørvis gjennom eit dotterselskap. Foto: Jan Inge Fardal, Sogn Avis.

Ekspedisjon og landhandel

Brørne Per og Kjell Bugge Næss eigde kaien i fellesskap og var dampskipsekspeditørar så lenge det var ruteferdsle til Marifjøra. Då Marifjøra Handelslag avvikla i 1977 (sjå: Landhandlar i Luster, 1940), tok Kjell Bugge Næss opp att daglegvarehandelen. Fram til 1989 hadde han også bensinstasjon. I 2004 vart denne siste landhandelen i Marifjøra lagd ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015