Transportverksemder i Luster
Omtalane er ordna etter oppstartsår:
Simon Tvedt
var den første som kjøpte lastebil i Jostedalen i 1928. Han dreiv m.a. leigekøyring til og frå dampskipskaia i Marifjøra. Sonen Arvid Tvedt tok over og dreiv lastebiltransport fram på 1960-talet.
Hans Hagelund
i Marifjøra starta lastebilstransport i 1929. I 2002 hadde Th. Holene AS 18 tilsette og ei omsetning på kring 15 millionar kroner.
Fortun bensinstasjon
vart starta av Nils Veka i 1967. Verksemda driv også reparasjonsverkstad og bergingsbil, og har også riksvegbrøytinga m.a. på Sognefjellet. i Ålesund dreiv frå 1983 til 1989 ein helikopterbase på på Grandane i Gaupne.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 09.07.2008