Hopp til innhold
X
Innhald

Treskofabrikken i Sellevåg

Sellevåg Treskofabrikk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sellevåg Treskofabrikk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I ei bukt ved Brandangersundet ligg framleis den gamle bygningen som ein gong husa ein treskofabrikk. Inne står maskinar og utstyr intakt som om arbeidsfolket berre skulle ha teke middagspause.

60.000 i året

Det var fossen like ovanfor som gav drivkraft til treskofabrikken. I 1870 kjøpte Endre Torkjellsson garden Sellevåg og starta mølledrift under fossen. Mølla dreiv han til 1899, då bergensfirmaet Behrens & Kahrs ved Jon Arnoldsson Kahrs (fødd 1851) kjøpte fossefallet og bygde Bergens Træskofabrikk. (Etter bygdebøkene er det noko uvisst kven som først starta fabrikken, for John Opdahl (fødd 1851) frå Gryte i Eivindvik er også nemnt som grunnleggjar i 1897.)

60.000 i året

Fabrikken framstilte to treskomodellar: Strilemodellen og Sognemodellen - den siste litt breiare enn den første og med meir «svung» i tåa. Dei fire dreiemaskinane hadde kapasitet til 25 par i timen: Treskoa vart lakka før dei vart lagra på loftet. Under 2. verdskrig, då etterspørselen etter tresko var på topp, kunne fabrikken produsere kring 60.000 par i året.

Sønene i fabrikkjobb

Tre av sønene til møllaren Endre Torkjellson tok seg arbeid på fabrikken. Ein av dei heitte Torkjell Olai. Han vart arbeidsformann på treskofabrikken i 38 år og dreiv i tillegg landhandel på Sæternes frå 1927 til 1943. Ein av sønene til Torkjell Olai Sellevåg, Joachim Sellevåg, arbeidde også på treskofabrikken, og kjøpte den i 1952.

Over til sagbruk

Etter kvart som etterspørselen etter tresko minka, la verksemda meir over på sagbruksdrift, medan dei spesielle dreiemaskinane vart nytta til produksjon av økseskaft og andre typar reidskapsskaft. Produksjonen av både tresko og skaft tok slutt på 1960-talet. Men eigaren, Magne J. Sellevåg, gjorde eit stort arbeid me då ta vare på fabrikken og produksjonsutstyret.

I 2012 vart Sellevåg treskofabrikk freda av Riksantikvaren, og Magne J. Sellevåg fekk kulturminnevernpris for arbeidet sitt. I 2013 løyvde Riksantikvaren vel 500.000 kroner til å sette i stand produksjonsutstyret på treskofabrikken.

Treskofabrikken medan den var i drift. Ukjend fotograf.

Treskofabrikken medan den var i drift. Ukjend fotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.03.2013