Hopp til innhold
X
Innhald

Trevareverksemder i Høyanger

VeTreFo - Vestlandske treforedling i Vadheim - vart eit kortvarig forsøk på å utnytte den vestlandske lauvskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

VeTreFo - Vestlandske treforedling i Vadheim - vart eit kortvarig forsøk på å utnytte den vestlandske lauvskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei første sagbruka

Ei av dei første sagene i ytre Sogn låg ved Dyrneslielva i Vadheim.

Andreas Frivik

starta i 1898 trelastforretning og trevarefabrikk i Vadheim. Firmaet hadde eige sagbruk. Fabrikken brann ned like etter krigen.

Andreas P. Vattekar & Sønner

trevarefabrikk vart starta vest for Vadheim i 1908 av Andreas Vattekar.

Chr. Vik sagbruk og tønnefabrikk

Christian Vik starta i 1911 sagbruk og tønnefabrikk ved Dyrneslielva. Fabrikken vart bygd opp att etter ein brann i 1931, og hadde på det meste 12 personar i arbeid. (Sjå også Christian Vik under Landhandlar i Høyanger.)

Johs. Hellebø

starta i 1922 pensjonat i Lavik. Hellebø dreiv også møbelsnekkeri.

Høyanger Trelastkompani A/S

vart skipa i 1924 av Andreas Håland og Per A. Øren.

Svein Hønsi og Harald Høyvik

starta i 1937 snikkarverkstad i Høyanger. Frå 1947 var Svein Hønsi eineeigar. Fabrikken produserte dører, vindauge og trapper og hadde opptil 18 personar i arbeid.

Vestlandske Treforedling A/S - VeTreFo

Vestlandske Treforedling A/S – VeTreFo - bygde i 1959 den første og hittil einaste tremassefabrikken på Vestlandet i Vadheim. Råstoffet skulle vere vestlandsk lauvskog. Men leveransane svikta, og fabrikken gjekk konkurs i 1971.

Ortnevik Tre

vart starta i 1991 av Helge Dyrdal. Verksemda satsa på fabrikasjon av innreiingar laga av ulike lokale treslag. Seinare har ein også drive med båtinnreiing. På det meste har Ortnevik Tre vore oppe i fem tilsette.

Sørsida sag

vart starta av Sveinung Helge Leirnes i 1994. Verksemda hadde i 2009 ei omsetning på 5,2 millionar kroner og hadde då fem tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2010