Hopp til innhold
X
Innhald

UFO Laks

Leif Hatløy er ein av pionerane i oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane. I 1970 starta han oppdrett av regnbogeaure på Lutelandet.

Dårleg lønsemd gjorde at han la ned drifta i 1974, men starta opp att med laks i 1980. Under Firmanamnet UFO Laks har han sidan kjøpt opp Hamna Laks AS (sjå dette under: Fiskeoppdrett og sjømat i Solund) på Krakhella i Solund og Port Salar AS (sjå: Oppdrett og fiskeri i Hyllestad) i Storakersundet i Hyllestad, slik at firmaet i 2002 kontrollerer tre oppdrettskonsesjonar.

I tillegg driv Hatløy lakseslakteri i Korssund, som i 2002 sysselset 16 personar. I 2002 hadde konsernet ei samla omsetning på vel 40 millionar kroner, og hadde 25 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.08.2008