Hopp til innhold
X
Innhald

Ulvesund Kreditbank

Ulvesund Kreditbank i Måløy vart skipa i 1913 av lokale forretningsfolk. Banken bygde - etter den tids målestokk - eit enormt «bankpalass» på fire etasjar ved Gate 1.

Bygget vart kalla «Framsteg». Første bankstyraren var Leif Grøner fram til 1916, då Toralf Høye tok over. Han bygde ein stor villa på Midtgård som seinare vart postmeisterbustad og deretter Røde Kors-hus. Den siste banksjefen i Ulvesund Kreditbank var Torgils Kambestad . Han vart tilsett som banksjef i 1922, og vart seinare vart eigar firmaet R.J. Nord & Co, som dreiv hurtigruteekspedisjonen i Måløy.

Ein øydeleggjande bankkonkurs

Nedgangstider gjorde at privatbanken vart sett under offentleg administrasjon i 1923, og den gjekk konkurs i 1928. I 1936 vart buet gjort opp, og det viste seg at innskytarane tapte mest all sparekapitalen sin: Buet vart gjort opp med ein dividende på berre 21,4 prosent til innskytarar og andre kravshavarar. Fleire verksemder i ytre Nordfjord rauk over ende i samband med denne bankkonkursen.

– Les elles om problema som lokale bankar fekk i desse kriseåra i artiklar om Stadlandets Privatbank i Selje kommune, og om sparebankkrisa i Stryn og i Kinn – Sjå Stryn og Flora kommunar.

Bankbygget «Framsteg» vart etter konkursen overteke av Sør-Vågsøy kommune, som nytta dei tre øvste etasjane til m.a. legekontor og bustader for offentleg tilsette som distriktslege, prest og veterinær. I 1982 vart bygget selt til byggevarefirmaet Kåre Holvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2010