Ulvesunds Hotell

Ulvesunds Hotell på Sæternes i Måløy vart bygt i 1920 av byggmeister Henrik Old Eide. Ulvesunds Hotell vart reist i fire etasjar med forretningslokale på gateplan. I mellomkrigstida var byggmeister Old Eide også ein varm talsmann for bygging av bru over Måløysundet.
Martin Linge fall på hotelltrappa
Under Måløyraidet 1941 vart den tyske kommandosentralen på hotellet storma av allierte kommandosoldatar, og kaptein Martin Linge fall på hotelltrappa. Hotellet brann ned under raidet, og vart ikkje bygt opp att.
I dag står Linge-monumentet omlag på den same staden som krigshelten fall under Måløyraidet.

Lingemonumentet står der hotelltrappa var. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 19.01.2010