Hopp til innhold
X
Innhald

Urheim Mølle

Urheim Mølle. Ukjend fotograf.

Urheim Mølle. Ukjend fotograf.

Urheim Mølle på Byrkjelo vart bygd i 1930 av Rasmus L. Bjørnereim (1878-1935) og Jakob Bjørnereim (1915–1988), og var eit framhald av ei bygdemølle som Rasmus hadde starta i 1894.

Mølla tok imot leigemaling av korn frå Breim, Vikane og Jølster. Den brann i 1936 og vart oppattbygd, men brann ned att i 1954. Rasmus B. bygde det første elektrisitetverket i 1917 med tre abonnentar. Jakob bygde også elektrisitetsverk i 1949. Det hadde 56 abonnentar. Han fekk skipa L/L Breim Kraftlag 1950, og var første leiaren i laget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.10.2009