Hopp til innhold
X
Innhald

Utvik Maskin AS

Maskinrep AS, som Utvik Maskin AS overtok i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Maskinrep AS, som Utvik Maskin AS overtok i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utvik Maskin AS maskinentreprenør vart skipa i 1998 av Rasmus Hage. Han hadde sidan 1970 drive eit maskinentreprenørfirma saman med Arne Kårstad. I tillegg til anleggsarbeid driv Utvik Maskin også skiferbrot på Tistam vest for Utvik under namnet Moldreim Skifer AS.

I 2008 overtok firmaet bygningane etter det nedlagde Maskinrep AS i Innvik. Her driv firmaet m.a. reparasjon av landbruksmaskinar og lastebilar. Selskapet har i 2013 seks tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.09.2013