Hopp til innhold
X
Innhald

Utviken Trevarefabrik

var ein tønne- og trevarefabrikk som vart starta av Abraham J. Kårstad kring 1900. Han dreiv også frakt med eigen motorbåt – ei ombygd jekt. Ei stund var Peder P. Verlo medeigar i tønnefabrikken. – sjå elles Historie - artikkelen Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik.

Det var Peder Pederson Verlo sine søner Reidar, Alf og Magnus som reiste til Måløy i 1936 og overtok den konkursråka slippen Moldøen Mek. Verksted, og dreiv den vidare saman med skipshandel under namnet Verlo Slipp og Mekaniske Verkstad – seinare Verlo AS .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2008